Holger Erstad - Gavekort på 2000 kr
Holger Erstad var heldig og vant 2. premie i Verv en bilist kampanjen.
Han jobber på Statoil på Sandsli som Siv.ing Elektro innenfor drift og modifikasjonar av Visund plattformen.

Eg er 34 år og bur på Nattlandsfjellet, gift og har to små born på eit og tre år. Avstand til jobben på Statoil er ca.13 km, men turen heim igjen er noko meir strevsom ettersom eg bur på toppen av Nattlandsfjellet. Normalt brukar eg ca. 35 minutt til jobb, og ca 50 minutt ifm retur. Ved bruk av bil må ein og fort beregna ca 30-40 minutt.

Det er veldig god sykkelveg frå sentrum og til Sandsli området. Sjølv syklar eg via Birkelundsbakken, Paradis, Skjold og vidare bak Lagunen til jobb. Dette er ei løype eg likar svært godt, samt store delar av turen er relativt roleg mhp nærliggjande biltrafikk. Utforkjøyringa ner Bikelundsbakken er kansje den mest farlege distansen, då det ofte er mykje trafikk her om morgonen. Sjølv har eg ikkje opplevd krasj, men kjenner til nokre uheldige tilfeller her.

For meg er det mest sykling i vår, sommar og haust månadane. Vinteren er litt spesiell mhp at eg bur relativt høgt oppe og opplever snø, is og til tider ubrøyta vegar, medan det er regn når ein kjem ner i Paradis området.

På jobben har me gode tilrettelagte dusj og garderobeforhold. Det er viktig at bedrifter legg tilrette for at ansatte kan trena til og frå jobb på denne måten. På tilsvarande måte må det offentlege og tilretteleggje for at langt fleire i Hordaland kan få sykkelvegar som me har mellom Danmarksplass - Sandsli området.

Ynskjer til slutt å få takke for ein flott kampanje og push til at folk kjem seg ut, samt fokus rundt bruk av alternative transportmiddel til bilen.
                                                                                                                                                                                                                Løsning levert av Netnor


Bergen Kommune                        Bergensprogrammet                       SMARTE REISEVANER